Aust-Agder bibliotek og kulturformidling
Postadresse: Postboks 788 Stoa, 4809 Arendal
Besøksadresse: Fylkeshuset, Ragnvald Blakstad, 4838 Arendal
Kontaktperson:
Frå hand til hus
Produksjonsliste
Program

Frå hand til hus

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Aust-Agders eldste hus, Haugenloftet, fyller 800 år no i 2017. Dette er berre eitt av fleire bygg frå mellomalder i Setesdal – faktisk står om lag 20 % av norske bygningar bygd før 1650, nett der.

Med Frå hand til hus ønskjer Setesdalsmuseet å gje elevane i fylket eit innblikk i denne stolte byggjetradisjonen. For at elevane skal forstå konseptet laft som er eit sentralt element her, har formidlaren med seg byggjesett der elevane kan øve seg på å lafte i småskala.

Prosessen vil gje ei forståing av dei enkle, men gjennomprøvde og praktiske laftekonstruksjonane. Elevane skal også få sjå, lære namna på, og ikkje minst prøve nokre av handreiskapane som vert nytta i laftearbeidet. I siste del av opplegget blir erfaringane elevane har fått gjennom aktivitetane knytt til både fortida og samtida.

Praktisk arbeid, variasjon, deltaking og engasjement er viktige verkemiddel – og mål – i tilpassa opplæring. Frå hand til hus er eit tilbod som tek desse verdiane på alvor.

Læreplanmål

Praktisk arbeid, variasjon, deltaking og engasjement er viktige verkemiddel – og mål – i tilpassa opplæring. Frå hand til hus er eit tilbod som tek desse verdiane på alvor. 

Kompetansemål etter 10. trinn

Geografi: Undersøkje korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda og drøfte premissar for berekraftig utvikling.

Historie: Finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og diskutere korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis.

Kunst og håndverk, arkitektur:

samtale om arkitekttegninger og digitale presentasjoner av byggeprosjekter, vurdere tilpasning til omgivelsene og skissere ulike løsninger
forklare hvordan klima, kultur og samfunnsforhold påvirker bygningers konstruksjon, valg av materialer, form, uttrykk og symbolfunksjon
bygge og teste bærende konstruksjoner i ulike materialer

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Aust-Agder bibliotek og kulturformidling
  • Kunstnere/grupper: Aust-Agder museum og arkiv, avd. Setesdalsmuseet
  • Produsent: Setesdalsmuseet i samråd med DKS Aust-Agder
  • Idé/opplegg: Setesdalsmuseet

Om kunstner / utøver / gruppe

Johanne Cecilie Fiane Hortemo er formidlar på Setesdalsmuseet


Medvirkende

Multimedia og vedlegg

Bilder

Høvling nærbilde
Foto: AAbk
Modellbygging
Foto: AAbk
Loft i Setesdal
Foto: Setesdalsmuseet
Rygnestad
Foto: Johanne C. F. Hortemo
Kulturarv
Trinn: 8 - 10
Praktisk arbeid, variasjon, deltaking og engasjement er viktige verkemiddel – og mål – i tilpassa opplæring. Frå hand til hus er eit tilbod som tek desse verdiane på alvor. 
Turnéplan: Frå hand til hus
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Fagkonsulent kulturarv:
Heidi Halvorsrud Arild
​Mobil 994 87 673
Kontaktperson utøver
Johanne Cecilie Fiane Hortemo, jfh@setesdalsmuseet.no, 94502421
Programlengde
90 minutter / to skoletimer
Maks publikumsantall
30
Arena / rom
Sløydsal (eller uteareal etter avtale) til første del. Det må være nok plass til både å bygge modeller og jobbe med trestokker og verktøy. Klasserom med projektor og lyd til andre del.
Bærehjelp
3 elever
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
20 min.
Arrangører
Arrangert av:
Aust-Agder bibliotek og kulturformidling
Produsent:
Setesdalsmuseet i samråd med DKS Aust-Agder
Medvirkende
  • Johanne Cecilie Fiane Hortemo (Utøver/formidler)