Aust-Agder bibliotek og kulturformidling
Postadresse: Postboks 788 Stoa, 4809 Arendal
Besøksadresse: Fylkeshuset, Ragnvald Blakstad, 4838 Arendal
Snakk om språk
Produksjonsliste
Program

Snakk om språk

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Snakk om språk er eit scenisk formidlingstilbod for ungdomstrinnet der dei norske dialektane og det norske skriftspråket er tema. Målet er å dele kunnskap og skape undring og engasjement rundt det språklege mangfaldet vi lever i. Elevane får møte to profesjonelle skodespelarar som er opptekne av språk, korleis vi snakkar, korleis vi skriv, i kva grad språket vårt er i endring og i kva grad språket vårt blir påverka av samfunnet rundt oss.

Framsyninga er leiken og underhaldande og utøvarane illustrerer språket vårt gjennom ulike rollefigurar. Elevane blir invitert inn i samtalen der dei kjem inn på eigne haldningar til språk. Dei diskuterer dialektbruk, språkhistorie, skriftspråksituasjonen, språkendringar, språk og makt og språkleg vane.

Snakk om språk! er ikkje eit misjonsprosjekt som vil ha alle elevar til å snakke dialekt og skrive nynorsk. Målet er å skape refleksjonar kring språk og det å vere språkbrukar, gjere elevane bevisste på at språk er viktig. Språk heng saman med identitet og det er viktig at ungdom er bevisste dei språkvala ein gjer. Målet er å gje elevane eit glimt av språkleg sjølvtillit, både skriftleg og munnleg.

Læreplanmål

Språkleg sjøltillit og trygghet i eigen kultur er grunnlag for utvikling av identitet, respekt for andre sin kultur, og aktiv deltaking i samfunnet.

«Snakk om språk!» er ein gjennomarbeidd versjon som i ulike former har turnert i Den kulturelle skulesekken i sju fylke sidan starten i 2004. Tilbakemeldingane frå lærarar og elevar har vore at i tillegg til å vere ei oppleving i klasserommet, er besøket relevant for dei læringsmåla dei arbeider med i norskfaget i skulen, samtidig som det engasjerer og motiverer elevane til vidare arbeid med temaet språk, språkleg identitet og immateriell kulturarv.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, i samarbeid med professor Synnøve Matre, peikar på kor viktig det er å etablere ein klasseromskultur med rom for samtale om språk, sett frå både eit sidemåls- og hovudmålsperspektiv (Nynorsksenteret.no, Snakk saman om språk). Forsking viser også at «gjennom granskinga av språka og dei språklege variantane utviklar elevane både metaspråk og - kunnskap» (Ingvil Brügger Budal i Nye røyster i nynorskforskinga, 2015).

I Kunnskapsløftet står det:

«Et hovedmål for opplæringen i norsk gjennom hele grunnopplæringen er språklig selvtillit og trygghet i egen kultur som grunnlag for utvikling av identitet, respekt for andre kulturer, aktiv samfunnsdeltakelse og livslang læring (...) I dette språklige og kulturelle mangfoldet utvikler barn og unge sin språkkompetanse. Med utgangspunkt i denne språksituasjonen skal det legges til rette for at barn og unge får et bevisst forhold til språklig mangfold og lærer å lese og skrive både bokmål og nynorsk.»

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Aust-Agder bibliotek og kulturformidling
  • Kunstnere/grupper: Nynorsk kultursentrum
  • Idé/opplegg: Nynorsk kultursentrum

Om kunstner / utøver / gruppe

Både Benedicte Søreng og Richard Olsen er utdanna skodespelarar og musikalartistar.


Medvirkende

  • Nynorsk kultursentrum
  • Benedicte Søreng (utøver)
  • Richard Olsen (utøver)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Richard og Benedicte
Foto: Nynorsk kultursentrum
Kulturarv, Litteratur
Trinn: 8 - 10
Språkleg sjøltillit og trygghet i eigen kultur er grunnlag for utvikling av identitet, respekt for andre sin kultur, og aktiv deltaking i samfunnet.
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Fagkonsulent kulturarv:
Heidi Halvorsrud Arild
​Mobil 994 87 673
Kontaktperson utøver
Richard Olsen
Mobil 996 92 471
Programlengde
80 minutter
Oppriggingstid
15 min.
Nedriggingstid
15 min.
Arrangører
Arrangert av:
Aust-Agder bibliotek og kulturformidling
Medvirkende
  • Benedicte Søreng (utøver)
  • Richard Olsen (utøver)