Tilbake
Foto UiA - Jan Arve Olsen

Ta ordet!

Ta ordet! Ja vel – ok. Men korleis gjer ein det?

Det aller viktigaste å vita er at ordet – det du seier – berre er ein del av det som må fungera.

Det andre er stemmebruk, ansiktsuttrykk, gestar, kroppshaldning. Og korleis ein kler seg – faktisk! Alt dette blir gjennomgått og forklart i detalj.

Foredraget gir innsikt i det å fungera som talar; altså retorikkens abc.

Resten .... er opp til den enkelte. Øving!

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Aust-Agder bibliotek og kulturformidling
  • Kunstnere/grupper: Sylfest Lomheim

Om kunstner / utøver / gruppe

Sylfest Lomheim er språkvitar, omsetjar og debattant. Han er professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder og var i perioden 2004–2010 den fyrste direktøren for Språkrådet. Lomheim er særleg kjend frå NRK. Han var språkkonsulent for NRK frå 1980 til 1994, han har vore medarbeidar i radioprogrammet Språkteigen frå 1990 og deltakar i den populære TV-serien Typisk norsk.

Publikumskommentarer