Tilbake
Foto: Svein Størksen
foto magikon-Bjørn R. Lie
Foto: Christine Martini

To hundre og sekstini dagar

To hundre og sekstini dagar handlar om vennskapet mellom ein liten gut og ei lita jente, og tankane til guten når jenta flyttar. Regnet og saknet er gjennomgangstema. Dette er ei vakker og poetisk framsyning til refleksjon og ettertanke. Bjørn Rune Lie sine illustrasjonar til boka vert vist på storskjerm, og det blir opplesing, musikk og lydkulissar.

Elevane skal få ei kjensle av å sitte i regnet og i lyden. Deler av lyden er basert på feltopptak frå by og natur. Saman med lyd som blir spela live vert totalopplevinga sterkare. Målet er å gje elevane ei kunstnarleg oppleving, ei roleg og poetisk stund, som kan munna ut i ei samtale om vennskap og sakn.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Aust-Agder bibliotek og kulturformidling
  • Idé/opplegg: Produsent: Widar Aspeli (Turneorganisasjonen Hedmark) og Roald Kaldestad

Om kunstner / utøver / gruppe

Roald Kaldestad er forfattar og musikar. Han debuterte som forfattar i 2000 med Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Året etter kom Reven Ruben, og i 2003 Polkagrisen. Dei to første går stadig som høyrespel på NRK Super. I 2006 kom biletboka Englefjell, som er laga saman med Øyvind Torseter, og i 2010, Heavykatten og gitaren.

Roy Ole Førland er utdanna musikklærar ved Høgskulen i Volda. Førland har dei siste åra jobba mykje med musikk til lyrikk.

Publikumskommentarer