Tilbake
Ola Sundström, AAbk.

Så datt de ne a todd

Hilde og Sigrid fortel eventyr frå Setesdal krydra med musikk og song. Dei fortel om harpa som ein kunne høyre over sju kongerike. Den må fattigjenta få tak i om ho vil gifte seg med prinsen. Dei fortel óg om vesle Tomme som er så liten at hesten i stallen et han opp. Og så er det den vesle musa som et så mykje at ... Ja kor mykje, får de vite når Sigrid og Hilde kjem til skulen.

Eventyr og folk er litt like; dei kjem frå ein plass, dei har ein kjerne i seg, men dei kan vandre vidt og endre seg på vegen. Forteljingane du høyrere vert ein del av kven du er. Forteljingane me har felles skapar indentitet.

Hilde Eskild er forteljar og Sigrid Kjetilsdotter Jore er folkemusikar. Dei har laga forestillinga saman med musikkprodusent Ola Sundström, AAbk.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Aust-Agder bibliotek og kulturformidling
  • Idé/opplegg: Hilde Eskild og Sigrid Kjetilsdotter Jore saman med produsent Ola Sundström, AAbk.

Om kunstner / utøver / gruppe

Publikumskommentarer