Tilbake
Vigdis Nielsen
Vigdis Nielsen
Vigdis Nielsen

Les for livet

I Les for livet! Er elevane med på ei reise i framtida saman med to framtidsmenneske som er fanga i romsonden Littera. Berre litteraturen kan få dei to tilbake til jorda. Men dei treng hjelp.

Scenario: For mange tusen år sidan måtte alle flykte frå jorda. No er det mogleg å kome tilbake, men dei må løyse eit livsviktig oppdrag først. Då menneska flykta frå jorda, mista dei kontakt med kjenslene sine. Dei veit ikkje kva sorg, forelsking eller venskap er. Dette må dei lære seg på nytt, dei må finne att identiteten sin gjennom bøkene.

Oppdrag: I romsonden er det ein tidskapsel frå 2018. I den ligg det sju utvalde barne- og ungdomsbøker. Dei to skal dramatisere scener frå bøkene, og kome fram til kva for kjensler dei illustrerer. Orda må dei skrive inn i eit skjema, og til saman gir det eit løysingsord. Om dei ikkje klarer å kome fram til dei rette kjenslene og det rette løysingsordet innan tretti minutt, vil romsonden bli sprengt i filler. Dei to framtidsmenneska les for livet.

Skodespelarar: Siri Beate Fossum og Kim Helge Strømmen.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Aust-Agder bibliotek og kulturformidling
  • Produsent:  Nynorsk kultursentrum v/ Ragnhild Nabben i samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet og Olav H. Hauge-senteret.
  • Idé/opplegg: Manusforfatter: Lars Mæhle Regi: Morten Joachim

Om kunstner / utøver / gruppe

Publikumskommentarer